NRK produserer bestillingsverk for NHO


Eg hadde eit innlegg i Dagbladet 22. september 2016 der eg kritiserte NRK Sundagsrevyen for å produsera bestillingsverk for NHO.

Lønn på Lonevåg terminal
Lønn i Lonevåg

I tilsvar på dagbladet.no dagen etter forsvarar Anders Børringbo NRK sin einsidige reportasje om arbeidsavklåringspengar (AAP) i Sundagsrevyen 18. september. Han nemner at NRK har late fleire koma til orde i debatten om AAP i andre reportasjar.

Innslag med slagside

Det endrar likevel ikkje på at dette konkrete dagsrevyinnslaget hadde sterk slagside til føremon for NHO. Ein reportasje skal stå på eigne bein, med kritiske spørsmål og høve til båe partar å uttala seg. Alt dette mangla. Dersom NRK har produsert innslag med slagside hin vegen, gjer det knapt saka noko betre. Dei kan ikkje rekna med at alle får med seg alt, så mange vert då sitjande att med berre NRK si kritikklause attgjeving av NHO-versjonen.

Med dette in mente er det vanskeleg å skjøna kvifor NRK forsvarar det dei har gjort. Eller kanskje ikkje? Børringbo skriv: «Dessuten har NAV selv tatt til orde for å kutte i støtten fordi det for mange lønner seg med AAP fremfor å jobbe.» At NAV her har kjøpt retorikken til NHO og høgresida, er skandaløst, likevel vert også dette kritikklaust attgjeve frå NRK-hald. Dette sterkt nedsetjande uttrykket at det løner seg å gå på trygd framfor å arbeida, er trygdehatarane sin favoritt.

Er det slik at det skal straffa seg mest mogleg å verta sjuk, og at dei som vert kronisk sjuke, mange livet ut, skal tena minst av alle, mindre enn dei mest underbetalte blant oss? Så kjem Børringbo med repetisjon av NHO-retorikken frå Sundagsrevyen: «Flere mener at AAP er en av de mest økonomisk gunstige ordningene hos NAV for de under 30.» Slik underminerer han vedgåinga av upresist ordval.

Børringbo peikar på moglege veikskapar ved AAP. At ordninga kan forbetrast, er neppe eit kontroversielt synspunkt. Men det er ein skilnad på å forbetra AAP, og det å avskaffa heile ordninga for dei under 30, som NHO ynskjer. Det må aldri godtakast at NRK gjer seg til mikrofonstativ for maktmenneske som trampar på dei nedst på rangstigen.


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.